BEST WESTERN Lægreid Hotell - Utgangspunkt for aktivitetar
Best Western Lægreid Hotell ligg perfekt til som base for aktivitetar i Indre Sogn. Naturen i Sogn kan opplevast på mange måtar.
Best Western Lægreid Hotell og Sogndal er eit godt utgangspunkt om du vil oppleve Sognefjorden.
I Jostedalen har ein høve til å leige guide og vandre på Nigardsbreen. Ein kan og besøkje den vakre Brekatedralen, der finn ein utstilling om breen, ein treff røynde brefolk og ein kan få med seg ei flott lysbildeframsyning om livet på breen. Informasjon om dei ulike turane og sal av billettar til lang og kort Blåisvandring på Nigardsbreen føregår på Breheimsenteret i Jostedalen
Vinter og Ski
Sogndal Skisenter i Sogndalsdalen er ca. 10 minuttars køyring frå Lægreid. Godt preparerte turløyper, gode forhold for off-piste/telemark. Trekket er 900 m langt, 2 slalomløyper. Sjå www.sogndalskisenter.no
Anestølen
Opplev ein støl i full drift, med 600 geiter om sommaren. Vertskapet syner mjølking og ysting. Smaksprøvar på fersk geitost. Sal av stølskost, brun og kvit geitost, samt lokalproduserte suvenirar som t.d klede av kjeskinn, sognatrøya, rosemåla fat og steinsmykke. Flott turterreng rundt stølen og fisk i vatnet. Fin tur for småbarnsfamiliar!
Fiske
Sogndal og omegn er eit eldorado for hobby- og sportsfiskarar!
I Sogndal og Luster kommune er det mellom 100-200 gode fiskevatn og elvar. Det er organisert sal av fiskekort frå grunneigarlag, elveeigarlag og fjellstyre. I dei områda som ikkje kjem inn under fiskekortordninga må du ha løyve frå den einskilde grunneigar for å kunna fiska. I fjorden kan alle fiska fritt med stang og handsnøre, men i fredningstida for laks og sjøaure i det enkelte vassdrag er det ikkje tillete å fiske nærare grense elv/sjø (elvemunninga) enn 100 meter.
Fiske gir ro i sjela - naturopplevingar får du i tillegg!
Fjellturar
Det finst 16 merka turløyper berre i områda kring Sogndal. Ein kan få kjøpt eige turkart på turistkontoret. I tillegg ligg heile Jotunheimen berre 1 times køyring frå Lægreid.
Jotunheimen
Jotunheimen - ein flott biltur på ca. 1 time frå Lægreid - er eit stort sett urørt fjellområde prega av majestetiske fjell og isbrear. I Jotunheimen ligg dei høgaste fjella i Noreg. Galdhøpiggen når opp i 2 469 m, medan Glittertind, med si iskappe på toppen, berre er nokre meter lågare. Det er lagt godt til rette for friluftsliv med eit omfattande nett av turstigar mellom ei mange turisthyttene. Spør i resepsjon for meir informasjon.
Shopping
Sogndal er handelssenter for eit omland på ca. 30.000 innbyggjarar. I det kompakte Sogndal-sentrumet finn du kring 70 forretningar. Desse er lokaliserte i det nye, moderne kjøpesenteret, Sogningen Storsenter, og i den gamle idylliske delen av "Fjøra".