Booking

Aktuelt

BEST WESTERN Lægreid Hotell -Utganspunkt for opplevingar

Sogndal er det beste utgangspunkt for opplevingar langs Sognefjorden. Alt dette kan du oppleve innafor ein radius på 1 time køyring.

 

De Heibergske samlinger

De Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum er aktivitetsmuseet for heile familien. Ein får oppleve korleis ein levde i gamle Sogn, sjå gamle heimar og bygningar. På friluftsmuseet kan ein oppleve gardsbruk slik det vart drive på 1800-talet, med eldre husdyrrasar. Museet har eiga aktivitetsløype der heile familien kan teste sine kunnskaper om historie og natur. Det er store utstillingar og kafeteria i hovudhuset.

 

Kaupanger Stavkyrkje

Kaupanger Stavkyrkje vart oppført omlag 1190 og er den største av stavkyrkjene i Sogn. Store deler av interiøret er frå 1600-talet og har frodige målte dekorasjonar med motiv av neumer (noter), ranker og draperingar. Kyrkja vert framleis brukt som sognekyrkje, men er open for omvising om sommaren.

  

Runesteinen

(Omlag 1,9 m høg) Frå omkring år 1100 med innskrifta: "Olafr Konungr skaut milli steina dessa". Det gjeld truleg Heilage Olav, og segna fortel at der pila fall ned, skulle kyrkjekoret vere. Steinen står ved Stedje kyrkje, nokre minutt å gå frå hotellet.

 

Det Norske Bremuseum

Vil du vite kvifor isen er blå, korleis fjordane blei til, eller gjere dine eigne eksperiment med 1000 år gammal bre-is? Sjå Ivo Caprino sin svimlande panoramafilm frå Jostedalsbreen. Ta ein tur til Bremuseet i Fjærland, det er verkeleg verdt turen!

 

Bokbyen i Fjærland

Bokbyen i Mundal i Fjærland starta i 1995, og har til ei kvar tid ei bokmengd på ca 150.000 bøker til sals i eit titals utsal av ymse storleik og opphav; ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale. At Bokbyen baserer seg på gjenbruk også når det gjeld utnytting av ledige lokale, gjer at bokutsala blir svært originale i utforming.

 

Urnes Stavkyrkje

Urnes stavkyrkje blei bygd tidleg på 1100-talet og er Norges eldste stavkyrkje. Deler av ei endå eldre kyrkje blei brukt under bygginga. Særleg betydeleg er nordportalen. Urnes stavkyrkje er mellom dei viktigaste kulturminne i Norge og er ført opp på UNESCO si liste over særleg verneverdige kulturminnesmerke saman med Bryggen i Bergen og Bergstaden i Røros.

 

Flåmsbana

Flåmsbana byr på det meste; vilt og vakkert fjellandskap med snødekte toppar, frodig kulturmark og historiske tradisjonar heilt tilbake til heidensk tid. Denne utrulege jernbanestrekninga er unik i verda, ingen annan adhesjonsjernbane på normalspor er brattare. Ei reise med den 20 kilometer lange Flåmsbana tek deg gjennom eit av dei vakraste fjord- og fjellandskapa i Vest-Noreg, samstundes som bana i seg sjølv er eitt bevis på noko av det ypparste av norsk ingeniørkunst.

 

Norsk Villakssenter

Sjå storlaksen i Norsk Villakssenter! Senteret ligg i Lærdal, på breidda av Lærdalselva - ei av Norges mest kjende lakseelvar. I tillegg til å oppleve laksen i levande live får du gjennom film og utstillingar innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen og tradisjonar kring laksefisket. Her finn du lakseobservatorium - naturfaglege og kulturhistoriske utstillingar - film på fleire språk om Atlanterhavslaksen - flugebindarverkstad - café - reiseminneutsal og mykje meir.

   
Kontakt

BEST WESTERN Lægreid Hotell

Almenningen 3
N-6856 Sogndal
Norway

Tel: +47 57 62 88 88
Fax: +47 57 62 88 89
E-mail: lagreid@bestwestern.no

   

  
 


Best Western Lægreid Hotell - Almenningen 3 - N-6856 Sogndal - Norway - Tel: 47 57 62 88 88 - Fax: 47 57 62 88 89 - E-mail: lagreid@bestwestern.no    Admin

www.bestwestern.no    www.bestwestern.com    Each Best Western is independently owned and operated