Rom 1

Rom 2

Rom 3

Ok

Om Best Western Lægreid Hotell

Midt i Sogndal ved Sognefjorden ligg Best Western Lægreid Hotell. Ved den vesle fontena på Almenningen finn du eit hotell der gjestene kjenner seg som heime. Der er alt lagt til rette for at du skal finne roen du treng.

Dei tilsette er hyggelege og hjelpsame. Atmosfæren er varm, personleg og uformell. Dette kan også stamgjestene fortelje deg.

Vertskapet, Sylveig og Atle Lægreid, legg kanskje litt meir i dette med atmosfæren enn andre som driv hotell. Ikkje nok med at dei tener til sitt brød her, dei bur her også sjølve. Og nettopp det er den garantien du treng for at den lune og gode atmosfæren skal prege alle dine opphald på Lægreid.

Det er mange som kjem attende til Lægreid så ofte dei kan. Enkelte har til og med uttalt ved innsjekking at ”det er godt å være heime att”. Det er gjestfridomen Best Western Lægreid Hotell er kjend for.

Det er sagt med ekte og oppriktige glimt i augo når Sylveig og Atle ynskjer deg ”velkomen heim”.

Best Western Lægreid Hotell – Velkomen heim.